1.mai i Sogndal

Ordførarkandidaten leverte i sin første 1.maitale

Folkemengde som høyrer på talarane i sntrumsparken

Opp mot 200 menneske møtte opp i sentrumsparken!

1. Mai var det som vanleg duka for markering av arbeidarane sin festdag i Sogndal. Sogndal Musikklag spelte for bebuarane ved Sogndal Helse og Omsorgssenter i forkant av toget. Dette sette både dei som bur, og dei som arbeidar der stor pris på. 

Toget gjekk frå Trudvang, ut skulevegen, via Gravensteinsgata og gjennom fjøregatene før me var framme på kommunehuset. Som vanleg var det allereie når me kom ein god samling på plassen ved kommunehuset. 

Folkemengda som høyrer på talane

Arrangementet er ofte litt avhengig av samarbeid frå vergudane si side for å sikre godt oppmøte. Men trass i at veret ikkje var det beste, må det ha vore noko i nærleiken av tilskodarrekord i parken denne dagen. 

Arbeidarpartiet stilte med parolane: "Sterkare fellesskap- enno betre saman", "Styrk dei offentlege arbeidsplassane" og "Fleire lærlingeplassar"

Hovudtalar var vår ordførarkandidat til nye Sogndal Kommune. Kjetil Kvåle var både spent og litt nervøs i forkant av talen, men innfridde med ein sterk og delvis personleg tale til tilhøyrarane. 

"Det handlar om å dele for å skape. Trygge menneske, i eit samfunn der vi har tillit til kvarandre fordi forskjellane ikkje er for store, skaper meir. Det er den Norske modellen – sterke fellesskap – små forskjellar – og like moglegheiter. 

At vi er eit land der alle føler at dei er med – er likeverdige. Eit land der ingen vert ståande åleine. Eit land der vi er villige til å stille opp for kvarandre, for fellesskapet, trygge på at fellesskapet stiller opp når vi trenger det sjølv. Eit land som heng saman, der det er meir som foreiner oss enn som splitter oss.Det er Arbeiderpartiet sitt store prosjekt, og har alltid vore det. Ein samfunnskamp for sterkare fellesskap"

"Som menneske er vi alle opptekne av å beskytte våre eigne. Vi kan gå gjennom eld og vatn for det. Eg har sjølv fått erfare kor sårbare vi er når ulykka rammar oss, kor avhengig vi er av eit godt og kompetent helsevesen. 

I fjor vinter vart eg og familien min råka av ei alvorleg trafikkulykke i Sogndalsdalen, på ein av våre verste vinterdagar. Denne ulykka vil merka meg og mine på mange måtar resten av livet. Men ein ting veit eg: Vi er heldige vi, som bur og lever i eit land der vi har eit offentleg helsetilbod som leverer frå øverste hylle.

Brann og redning, ambulanse, politi, legar, luftambulansen,ambulansehelikopter, sjukehuset i Førde og Haukeland sjukehus. Helse- og omsorgssenteret, heimesjukepleien – alle leverte. 

Og ikkje minst: all omsorg og omtanke frå vener og kjente. Dette er sterkare felleskap i praksis. Når eg står her i dag, og trekker fram eigne erfaringar med helsevesenet, er det for å understreke viktigheita av ein godt utbygd akuttberedskap, og eithelsevesen som gir den tryggheit som alle har krav på, uavhengig av adresse og lommbok. 

Eg er glad for at Arbeiderpartiet har prioritert og prioriterer gode helsetenester for alle uavhengig av kven du er eller kor du kjem frå. Eg veit at den same handsamingen vi fekk ville bli gitt til alle - for det er eit slikt helsevesen Arbeidarpartiet er garantist for."

Sogndal Musikklag

Dagen vert ikkje heilt den same utan Sogndal Musikklag

Clara deler ut kake

Vestland SV sin fyrstekandidat heldt appellen under arrangementet. Marte Hammer var god frå talarstolen i Sogndal. 

Etter programmet var det tid for kake, kaffi og saft. 1.mai- komiteen hadde bomma litt med antall tilhøyrarar dei forventa, så det var ikkje alle som fekk gaflar. Men me stiller med fleire gaflar i 2020. 

Alt i alt gjekk arrangementet, som Sogndal AP arrangerar saman med SV og LO Sogndal og Omland svært bra. Seinare på dagen gjekk turen vidare til Leikanger, der det var ei flott stund på Leikanger Helsesenter. 

Takk til alle som var med å feira arbeidarbevegelsen sin festdag!

Nokre av personane som gjekk i tog, held parolen "sterkare fellesskap- enno betre saman"

Frå venstre: Ole André Aarvoll, Gerd Signe Grinde Håre, Stig Ove Ølmheim, Merete Børke Alpen, Tarjei Hamre, Stian Øye, Ingvar Stadheim, Liv Synnøve Bøyum, ordførarkandidat Kjetil Kvåle, ordførar Jarle Aarvoll