Årsmøte på Sogndal Hotell
Liv Synnøve Bøyum valt til ny leiar

Nyvalt leiar og nestleiar. Liv Synnøve Bøyum og Ronny Rydningen
Godt oppmøte på første ordinære årsmøte
Helge Robert Midtbø var årsmøtegjest
Den 3. februar var alle medlemmane i Sogndal Arbeidarparti kalla inn til årsmøte. Møtet vart halde på Sogndal Quality Hotell, og 34 medlemmar møtte opp.
Helge Robert Midtbø, gruppeleiar for AP i nye Sunnfjord kommune, var årsmøtegjest og heldt innleiinga. Årsmøtegjesten var i forkant utfordra på å drøfte kommunesamanslåinga i Sunnfjord, utfordringar og moglegheiter i det nye Vestland, samt viktige saker for Arbeiderpartiet lokalt og nasjonalt mot neste val.
Han gjekk igjennom utfordingane dei har hatt i Sunnfjord med å "ha lys i alle kommunehus", samt økonomiske verknadar av sameininga av skattesystem i ulike kommunar som sler seg saman. Eit tema kommunestyregruppa nok la seg på minne inn mot neste kommunestyremøte. Helge Robert åtvara mot at ein internt i partiet går til kamp mot byane, og oppfordra partiet til å vera sameinte mot neste val.

Variert engasjement blant medlemmane
I etterkant av talen var det som vanleg opna for eit uformelt ordskifte, og sakene og spørsmåla omhandla mellom anna kraftkablar til kontinentet, behovet for meir klimavennleg politikk og samarbeid mellom Kinn-Sunnfjord- Sogndal. Saker like forskjellige som medlemmane i Sogndal AP.

Flott underhaldning på årsmøtet
Flott underhaldning
Tradisjonen tru var det også nytta lokale krefter til å underhalde på årsmøtet. I år var me så heldige å få Louise Tveito, Kari Eggum Talleraas og Anneli Fjelltun Øyre til å synge ulike medleyar frå hitlistene.
AUF med flest saker
Årsmøtet hadde forskjellige saker til behandling. Sogndal AUF fremja 3 saker som årsmøtet behandla. "Krav om læreplassar ved kommunale bedrifter" var ei sak årsmøtet ville at partiet skulle arbeide vidare med, og sende saka vidare til styret og gruppa. Representantane som skal delta på fylkesårsmøtet til Vestland AP i mars har fått klare meldingar frå medlemmane. Ein resolusjon som omhandla offentlege arbeidsplassar på Leikanger, samt styrking av ferjefrekvensen i trekantsamarbeidet Dragsvik- Hella-Vangsnes. Ei sak om Hellavegen og Vikafjellstunnell kjem også på årsmøtet til Vestland Ap



Styret Sogndal AP
- Leiar: Liv Synnøve Bøyum 1 år
- Nestleiar: Ronny Rydningen 2 år
- Styremedlem: Geir Ove Torbjørnsen 2 år
-Styremedlem: Ole André Aarvoll 1 år
- Styremedlem: Arnstein Hauståker 1 år
- Styremedlem: Astrid Hove 2 år
Styremedlem: Tonje Norheim Tangerud 2 år