Å stikke hovudet i sanden er inga løysing

I Sogndal Kommune sitt utval for levekår vart debatten heit, slik som den ofte gjer i oppkøyringa til eit val. Sogndal Kommune, ved administrasjon, politisk leiing og eit samla kommunestyre har bestilt to rapportar. Desse tek for seg nosituasjonen: barnetal, bygningane og innhaldet. Rapporten tek også føre seg korleis Sogndal kjem til å sjå ut i åra framover, fram mot 2036. Det er essensen i saka Senterpartiet, og diverre også SV kvir seg for å forhalde seg til. 

Under prosessen med utarbeidinga av Barnehagebruksplan og Skulebehovsplan har AP mellom anna vore tydeleg på at arbeidsforhold for tilsette også skulle vurderast i rapportane. 

Prosessen med dei to rapportane har vorte fulgt av 3 styrarar (barnehage) eller 3 rektorar (skule). Hovudverneombod, hovudtillitsvalgt og ein økonomirådgjevar. Så langt alt vel. No er det tid for innbyggjarane å meine noko om korleis Sogndal Kommune vert “best på oppvekst”, noko me i AP meiner me har alle forutsetningar for å bli…

I innlegget i Porten 15.09 "Slår ring om skulekrinsane", er nok hukommelsen til representantane frå nevnte parti for dårleg. Då kom nemleg Senterpartiet, med SV på slep attende til komiteen og meinte dette ikkje kunne sendast ut på høyring. Det var ingen grunn til at innbyggjarane skulle få anledning til å meine noko om det som kjem fram i NorConsult- rapportane stemmer eller ikkje, er fornuftig eller heilt hòl i hovudet. 

Kanskje hugsar nokon korleis Sogndal Helse og Omsorgssenter, Kulturhuset eller Saften såg ut på eit tidleg tidspunkt? Innbyggjarane har gjort politikarane gode før, og vil utan tvil gjere det igjen (berre me lyttar). 

Det er politikarane som til sjuande og sist bestemmer korleis barnehagar og skular skal vere i Sogndal Kommune, ikkje eit innleigd konsulentfirma. Men dei beste løysingane, dei får me til i lag med innbyggjarane våre! 

Heldigvis snudde SP og SV, dei hadde jo akkurat vedteke Samskapande, Open, God og Nysgjerrig, SOGN, som visjon i nye Sogndal Kommune. Då høver det seg dårleg å legge ein av dei viktigaste sakene fram mot 2036 i ei skuff.Saken skal handsamast i kommunestyret 28.10.21, og høyringsfristen er 10.10.21

Og me i AP vonar at no når valkampen er over, er Senterpartiet litt meir viljuge til å forlate linja: Alt skal vere som det alltid har vore, og slik skal det alltid vere… AP har også eit program me har forplikta oss til. Men me vil framleis lytta til dei me er valde til å representere.

Ole André Aarvoll og Antonella Vidal

Sogndal Arbeidarparti

Antonella ser rett i kamera.

Antonella er representant i Utval for Levekår

Ole André som ser rett i kameraet, relativt blid.

Ole André er representant i Utval for Levekår