Ei sentralisering av statlege arbeidsplassar i nye Sogndal Kommune

Kjetil Kvåle sitt lesarinnlegg i Sogn Avis 22.05

Kjetil Kvåle. Kandidatbilete

Kjetil Kvåle

«Dagens framlegg til omorganisering av Statens vegvesen fører til ei rasering avstatlege arbeidsplassar i nye Sogndal kommune. Framlegget frå Statens vegvesenlegg opp til ei massiv sentralisering av makt til dei store byane i landet».Dette sa AP-ordførar Jon Håkon Odd i sin kommentar til framlegget. Framlegget er også grunnleggande i strid med Sogndal Arbeidarparti sin visjon fornye Sogndal kommune om å bevare, og vidareutvikle kommunen som eit nasjonalt tyngdepunkt mellom anna for offentleg forvaltning.Framlegget er vidare i strid med fellesnemnda for Vestland fylkeskommune sine vedtak om å satsa på Leikanger som lokalisering for ein av dei nye divisjonane.I samband med kommunesamanslåinga kom det også løfte om at Leikanger framleis skulle ha ein sentral funksjon for Statens vegvesen. Sogndal Arbeidarparti krev at rikspolitikarane våre no tek tak i saka. Leikangerordførar Odd frykta, i sin helsingstale til fylkestinget, for ei sentralisering avarbeidsplassar frå Leikanger/Sogndal og andre deler av fylket, til Bergen, og at ein då ut-armar og forvitrar miljøa og kompetansen som er utvikla over generasjonar i kommunen. Argument som miljø og kompetanse kan då verta mindre viktige når vi skal argumentere for å halde på arbeidsplassar vi har, og for å legge nye arbeidsplassar til Sogndal.

Leiaren i Sogn Avis, meiner det bør vere hundre prosent sjølvsagt at alle med spor av interesse for framtida til Sogn og Fjordane, står opp og kjempar for det unike kompetansemiljøa som ein over tid har bygd opp i Leikanger/Sogndal. Sogndal Arbeidarparti er samd med Sogn Avis, og meiner at det å stå samla i denne kampen er den aller viktigaste utfordringa for Sogndal kommune dei neste 4 åra. Ein utfordring vi sjølvsagt tek – vi gir ikkje opp kampen mot den sitjande regjeringa sin sentraliseringspolitikk. Sogndal Arbeidarparti er budd på å ta dei kampane vi skal, og må ta for at kommunen vår, Sogneregionen og heile fylket vårt skal halde fram med å vere ei kompetansekraft både i Vestland og nasjonalt.

I Sogndal kommune må vi stå samla for det som er viktigast; Og for Sogndal Arbeidarparti er det kampen for å bevare, og vidareutvikle kommunen som eit nasjonalt tyngdepunkt for offentleg forvaltning, utdanning på dei områda der vi er i fremste line nasjonalt, på berekraftig reiseliv og naturforvaltning. 

Dette er visjonen i Sogndal Arbeidarparti sitt program for 2020 – 2024 og for framtida. Sogndal Arbeidarparti vil i valkampen be om tilslutnad til visjonen vår! Vi inviterer alle til å slutte opp om jobben som må gjerast. Ei stemme til Sogndal Arbeidarparti ved kommunevalet til hausten,er ei stemme til eit sterkt Sogndal som nasjonalt tyngdepunkt!

Kjetil Kvåle

Ordførarkandidat Sogndal AP