Førstereisgut i kommunestyret

Ole André Aarvoll

Ole André på fjelltopp, smilande til kamera.

Om deg

Navn: Ole André Aarvoll

Alder: 29

Frå: Sogndal

Erfaring i politikken: Første periode i kommunestyret. Tidlegare nestleiar i Sogn og Fjordane AUF. Avdelingstillitsvald i HMKG. 

Korleis vil du beskrive deg sjølv?

Ein sjukepleiarstudent som arbeider på SHOS, og utnyttar finveret til fjells! Enten med klatresko, fjellsko eller skisko!

Kva gjorde at du ville stå på lista?

Eg vil vel seie at samfunnsengasjementet mitt er litt medfødt, og det politiske engasjementet vaks fram over tid. Eg er nok litt arveleg belasta frå dei heime. Diskusjonar om samfunnsspørsmål har vore fast samtaleemne kring middagsbordet.Ynskjet om å bidra for partiet har vore der lenge, men med andre familiemedlemmar på lista, har eg valt å stå utanfor fram til dette valet her. 

Å bidra til at Sogndal er ein raus, inkluderande kommune som folk ynskjer å leve gode liv i er viktig for meg! Den utviklinga som Sogndal har hatt, har AP ein del av æra for. Men me er ikkje i mål, og det ynskja eg å vere med på!

Korleis har første året i ny kommune vore?

Det har vore utruleg mykje å setje seg inn i! Store mengder sakspapir som omhandlar alt frå skogbruksplan til pandemi og budsjett. Ein skal kunne litt om alt! Det er vel ikkje til å stikke under ein stol at valet ikkje gjekk heilt som me håpa, men det har vore viktig for gruppa å komme på offensiven og vise fram politikken til Arbeidarpartiet i opposisjon. 

Eg syns me verkeleg byrjar å finne formen. Arbeiderpartiet skal vere partiet for folk flest. Me skal vere dei som set det felles beste framfor særinteresser. Me skal stå opp for verdiane me trur på og sler ring om, som fellesskap! Dei tunge løfta gjer me saman! 

Folkemengda som høyrer på talane

1.mai i sentrumsparken

Kva eigenskapar meiner du er viktig, for å vere eit godt kommunestyremedlem for AP?

Ein må ha lest og forstått sakspapira! Det er mange utruleg flinke folk i partiet og i kommunen som kan veldig mykje. Ein må evne å utnytte det laget ein er ein del av. 

Kommunestyregruppa er eit lag, og utan lagarbeid vert det ikkje mål. Kjenner at ein tidlegare fotballspelar som meg, ein utruleg lite målfarleg fotballspelar, skal vere forsiktig med å bruke akkurat den analogien fleire gongar! Men med tidlegare landslagstrenar på varalista, må det gå for denne gang.

Kva er viktig for deg denne kommunestyreperioden?

Å realisere det me har gått til val på. Dette vert ikkje lett, i ein økonomisk pressa situasjon som kommunen no har havna i. Samtidig er det viktig å fronte våre saker, slik at innbyggjarane sluttar opp om det som er vår politikk. 

At den rivande utviklingen som har vore i Sogndal, dei siste 15 åra ikkje stoppar opp! At me fortsetter å byggje eit samfunn som tek vare på dei kvalitetane me er vil ha med oss vidare, og utviklar oss! Å bygge gode lokalsamfunn i Sogndal, Leikanger, Kaupanger, Balestrand, Norane og Fjærland.

Personleg ynskjer eg å lære så mykje som mogleg. Eg går nesten alltid klokare ut av eit gruppemøte eller kommunestyremøte, enn eg gjorde når eg gjekk inn. 

Kvifor må AP vinne stortingsvalet?

Under høgreregjeringa har skilnadane i det norske samfunn aksellerert. Det norske samfunnet er bygd på likskap og like moglegheiter til alle! Fortsett dette vil kvalitetar det norske samfunnet er tufta på verte varig endra. At me yter etter evne og får etter behov, fellesskulen, eit sterkt offentleg helsevesen. Desse tinga må me slå ring om og utvikle. 

Arbeidarpartiet er ein garantist for dette!

Kommunestyregruppa til Sogndal AP står oppstilt og smiler til kamera. Dei er på Fylkeshuset på Leikanger, og held ein meters avstand.

Kommunestyregruppa Sogndal AP. Frå V: Antonella, Kjetil, Clara, Henny, Stig Ove, Ole André