Fylkesleiar på rundtur i Sogndal og Leikanger

Imponert over alle som satsar

Marte Mjøs Persen på besøk i Leikanger

Kvitkledd gjeng på besøk hos Osland Havbruk. F.v: Varaordførarkandidat Henny Kristin A. Navarsete, fylkessekretær Monica Oppedal, ordførarkandidat Kjetil Kvåle, fylkesleiar Marte Mjøs Persen, Bjarne Asperanden Sjøthun

Fylkesleiar Marte Mjøs Persen, som og er Bergen AP sin ordførarkandidat før valet til hausten var onsdag på besøk hos oss i nye Sogndal Arbeidarparti. Saman med Monica Oppedal frå fylkespartiet, tok Kjetil og Henny Kristin ho med på ei omvising i nyekommunen. 

"Som leiar i Vestland AP har eg gleda meg til å bli kjent med heile det nye fylket". Marte har vore på besøk i Årdal og Sogndal igår og idag. "Det er viktig for meg å helse på kandidatane våre på deira heimebane, og få kjennskap til kva som skjer i kommunane". 

Dagen starta på Fosshaugane Campus, ein god stad å vise fram kva offentleg og privat næringsliv kan skape ilag. Gode eksempel på ei utvikling Arbeidarpartiet ynskjer skal fortsette inn i ny kommune og nytt fylke. 

marte på campus

Marte og Kjetil i samtale med grûnderane i nLink og Rocketfarm

Vidare gjekk turen til den nye storstova i sentrum. Sogndal Helse og Omsorgssenter er beviset på at sogndalspolitikarane tok Bjarne Håkon Hansen på ordet når han presenterte samhandlingsreforma. Alle helsetenester samla under same tak. Dette vert til samhandling på tvers av tenester, til det beste for pasientar og tilsette. 

Henny Kristin var imponert under besøket:

"Eg syns det er spennande å sjå SHOS og mellom anna høyre korleis det vert jobbar med rehabilitering. Ei investering i rehabiliteringsfasen sikrar både livskvalitet og gir redusert behov for vidare hjelpetiltak. Me fekk også orientering om den tverrfaglege samhandlinga. Dyktige tilsette gjer kvar dag ein forskjell for folk, og det er all grunn til å vera stolte av det dei får til"

Marte, Henny og Kjetil på SHOS

På Sogndal Helse og omsorgstenester er nesten alle helsetenester samla under same tak.

Der SHOS er eit eksempel på tenester som Arbeidarpartiet meiner skal løysast av det offentlege, var neste post på programmet av ein annan art. Quality Sogndal Hotell satsar i Sogndal. Hotelldirektør Jørgen Christian Lindstrøm trur på Sogndal, og vert fylkes største hotell ved opninga. Kring 200 millionar er investert i utvidinga, som straks opnar. 

Dette vert eit imponerande hotell, med topp moderne konferansefasilitetar. Kanskje vert det arrangert fylkesårsmøte her neste år?

Marte på hotellet

Henny, Marte og Kjetil på besøk kort tid før opninga

Etter spenneande besøk i Sogndal, gjekk ferda vidare til det nye kommunesenteret, litt lengre ut i fjorden. Første post på programmet var regionvegkontoret til Statens Vegvesen, der Tone Margrethe Oppedal orienterte endringane Statens Vegvesen står ovanfor

Marte påsystrond

Der ordførarkandidaten for Bergen og Sogndal, samt resten av følget var nøydde til å kle seg om, var på Osland Havbruk. "Osland Havbruk investerer millionar i utviding med klekkeri og startforingsanlegg på Leikanger. Etter å ha fått servert nysteikte vafler, fekk me sjå på kar med fleire hundretusen aureyngel, som vog om lag 0.15g kvar" seier ordførarkandidat Kjetil Kvåle. 

Marte på Leikanger

Etter besøket i 2 av dei gamle kommunane, bar ferda vidare vestover til Balestrand, der Balejazz lokka.