Garantist for truverdig og ryddig styring av nye Sogndal kommune
Lesarinnlegg frå Kjetil. Sogn Avis 06.04.19

Sogn Avis og sosiale media har hatt fleire innlegg om makt, rolleforståing, verv, habilitet og tilhøyrande tema. Sogndal arbeidarparti og underteikna har vore sentrale tema.
Dette gjev meg grunnlag for å kunne slå fast at Sogndal Arbeidarparti vil vere garantist for kva som skal vere det udiskutable grunnlaget for styringa av nye Sogndal kommune:
Sogndal Arbeidarparti vil at kommunen skal vere open og truverdig. Innafor gjeldene lover skal alle få innsyn i det kommunen driv med. Det skal praktiserast meiroffentleggjering. Folk skal få svar på spørsmåla sine og vere trygg på at rettstryggleiken deira vert ivareteken.
For å sikre dette vil Arbeidarpartiet gjennomføre god opplæring for dei som har ansvar i alle deler av kommunen. Aktuelle aktørar skal ha inngåande kunnskap om kommunelova, forvaltningslova, offentleglova og alle andre aktuelle lover og forskrifter som regulerer drifta av kommunen. Vidare skal dei etiske retningslinene vere klåre og kjende for alle aktørar.
Folkevalde og leiarar skal registrere sine styreverv og posisjonar i organisasjons- og arbeidslivet i Kommunens Sentralforbund sitt styrevervregister. Då er vi sikra at det er offentleg tilgjengeleg kven som har kva slags verv.
Arbeiderpartiet vil at rammene og grunnlaga nemnde ovanfor for styringa av kommunen skal gjelde både for den politiske og den administrative delen av drifta av kommunen.
Arbeidarpartiet vil aldri slakke på krav til topp kvalitet i oppfølging av saker, saksførebuing, vedtaksprosessar, habilitet, unngå rollesamanblanding og iverksetting av vedtak med meir. I alle deler av den kommunale verksemda skal vi sikre kvalitet, god styring og god høg kvalitet på gjennomføringa.
Respekt skal ligge i botnen i alle kommunen sine møter med innbyggarane og andre som kommunen kjem i kontakt med.
Det eg har sagt ovanfor er sjølvsagt.
Grunnen til at eg likevel gjer dette heilt klart no er at det kan vere skapt uvisse om kva som er Arbeidarpartiet og mitt syn på kva som skal vere fundamentet for korleis kommunen skal styrast.
Sjølv har eg fleire styreverv. Det er eg heilt open om. Alle verva mine er registrerte i KS sitt styrevervregister. Fleire av verva er knytt til jobben min. Dei verva må eg ha for å kunne utføre jobben min og fortene løna mi. Som kandidat til ordførarvervet kan eg ikkje går ut av jobben min.
Som ei gladsak uttrykte eg, som ordførarkandidat, på sosiale media glede over at bl.a. Maskinsenteret AS har kjøpt seg tomt, og skal etablere seg på Kaupanger Næringsområde. At eg også er styreleiar i selskapet kom diverre ikkje fram. Det er eg lei for at eg ikkje samstundes gjorde heilt klart. Når dette vart oppfatta som et habilitetsbrot, beklagar eg dette. Men for meg vert det ikkje opplevd som problematisk at ein styreleiar skryter av det kjekke resultatet av ei ny investering. Det må vere greitt også når ein er ordførarkandidat. Men det skulle i innlegget vore gjort tydeleg at eg hadde begge rollane. For det er viktig at vi i alle samanhengar er tydlege på rollar.
Dersom eg vert vald som ordførar vil eg gå ut av dei styreverva eg har. Som ordførar vil eg vere uavhengig av alle verv. Og eg kan love at eg, som uavhengig ordførar, vil heie på og løfte fram alle positive tiltak i kommunen vår.
Eg skal vere ordførar for innbyggarane, bygdelaga, næringslivet og bedriftene og for lag og organisasjonar.
Ja, for alle!
Som Sogndal arbeidarparti seier det i visjonen sin for kommunen i programmet 2020 – 2023:
«I Sogndal kommune får offentlege og private verksemder utvikla seg godt og innbyggarane i alle deler av kommunen får gode kommunale tenester».
Saman skal vi bygge den nye kommunen og ta vare på interessene våre i eit samarbeid i nye Vestland, i den nære regionen vår og i den nye kommunestrukturen i Sogn og Fjordane.
Då må vi bygge tillit.
Det er Sogndal Arbeidarparti sitt mål!
Kjetil Kvåle
Ordførarkandidat for Sogndal arbeidarparti