Kva politikk har SV og MdG i Sogndal når det gjeld miljø saker?

Lesarinnlegg frå Clara Øberg

Clara Øberg ser i kameraet

Miljøpartiet dei Grøne (MdG) ved Ståle Loftesnes og SV ved Oddbjørn Bukve har forfatta eit informasjonskriv som dei har distribuert og presentert langt utover dei politiske kretsar i Sogndal. Ideen deira er at vi skal ha eit pilotprosjekt med miljøvenlege små rimelege hus sentralt i Sogndal, der det skal vere kort avstand til det meste. I dette skal kvar einskild få ha ein hage og dyrka eigen mat.

I siste møte i Komité for Samfunnsutvikling , vart dette presentert av MdG ved Ståle Loftesnes. Utfordringa er å finna eigna areal.

Alt bra så langt. ..

Kva gjer Oddbjørn Bukve i praksis?

Nøyaktig ei veke seinare, 18. februar var det kommunestyremøte. Vi handsama saka om å seia frå oss alle tomte- og utbyggingsrettar på Ulvahaugen midt i Sogndal sentrum. Oddbjørn Bukve sat musestille når denne saka vart handsama og stemte med fleirtalet når det einaste arealet som kommunen har tilgjengeleg i Sogndal sentrum vart overført til ein kommersiell utbygga . Han vart utfordra av underteikna, men såg ein anna veg. I denne saka hadde SV verkeleg moglegheit til å syna kva dei vil med politikken sin.

Kor djupt stikk miljø satsinga til SV- Bukve i denne saka? Vonar det er meir enn ein prosjektplan utan mål og meining bak, vi har ikkje sett anna til no...

Clara Øberg, Sogndal Arbeidarparti