Politiske piruettar

Eg har alltid sett på Sp som eit pragmatisk og løysingsorientert parti. For dei har det tidlegare vore viktigare med gjennomslag enn prestisje. No verkar det derimot at det er viktigare for Sogndal Senterparti kven som får fleirtal, enn kva som får fleirtal.
Heilt sidan det nye kommunestyret vart vald i fjor haust har Arbeidarpartiet jobba for å innføre gjennomgåande syskenmoderasjon mellom skulefritidsordning (SFO) og barnehage. Slik at om du har barn i både barnehage og SFO så beheld du same syskenmoderasjonen. I dag får du moderasjon for to eller fleire barn i barnehage eller for to eller fleire barn i SFO. Men moderasjonen gjeld ikkje mellom barnehage og SFO.
Det er viktig for Arbeidarpartiet å gjere noko med dette. Det kostar relativt lite for kommunen å innføre det, men syskenmoderasjon betyr mykje for barna og familiane det gjeld. Me reduserer skilnader mellom born og gir familiar eit økonomisk pusterom. Truleg gjer eit slikt tiltak til at fleire born får høve til å vere med på dei flotte og gode skulefritidsordningane me har i kommunen vår.
Likevel var det berre Høgre og Framstegspartiet som støtta framlegget vårt når kommunestyret handsama saka. Senterpartiet, SV, Venstre, KrF og Miljøpartiet gjekk i mot. Men no har plutseleg pipa fått ein annan lyd. Når kommunen no skal revidere vedtektene for SFO vil heldigvis Sp sjå på dette på nytt. Men merkeleg nok med å bestille ei kostnadsanalyse frå administrasjonen. Kommunestyret fekk overslag i desember.
Me trur dette kan tolkast på fleire måtar. Anten så ynskjer Sp å støtte framlegget vårt men ta æra for det sjølv. Det er greitt nok, men synd for familiane som må vente unødig lenge på å få denne ordninga på grunn av politisk prestisje. Eller så vel Sp ganske enkelt å gjere det slik for å leggje framlegget i ei skuff for å ikkje få kjeft. Ein tredje moglegheit er sjølvsagt at styringspartiet ikkje har gjort seg godt nok kjende med budsjettunderlaget dei sjølve har jobba med og ganske enkelt ikkje veit at eit kostnadsoverslag allereie er lagt fram.
Sogndal Senterparti og Sogndal SV stemmer nei til å redusere sommarstenging i barnehagane. Dei stemmer nei til å tilpasse planleggingsdagar i skule og barnehagar med heilagdagar. Dei stemmer nei til moderasjonsordningar for sysken. Me er redd for at stemmegjevinga er meir grunna i at andre enn dei fremja forslaget enn innhaldet i det.
Folk fortener betre og meir av oss folkevalde enn slikt. Dei fortener ei handfast og open styring av kommunen. Dei fortener politikarar som arbeider for kommunen sitt beste og som ikkje legg så mykje prestisje i det dei gjer, at dei står i vegen for dei gode løysingane.
Me vil gjere vårt for at når skulane startar opp frå hausten av, så gjer dei det med ei rimeleg og rettferdig moderasjonsordning for familiar med barn i både SFO og barnehage. Om ikkje SP og SV kan støtte framlegg frå andre parti så håpar me at dei kan fremje det sjølv. Så skal me vere med på å sikre familiane våre gode tenester og tilpassa løysingar.
Av: Henny-Kristin Asperanden Navarsete, gruppeleiar