Skal dette vere standarden, varaordførar Vibeke Johnsen?

Antonella Vidal og Henny Kristin Asperanden Navarsete ser rett i kamera med alvorleg mine.

Me er forundra over kva Sosialistisk Venstreparti (SV) er villige til å vera med på. SV sine store kampsaker har tidlegare vore heile, faste stillingar og satsing på gode velferdstenester. Kvar 8. mars og kvar 1. mai har dei vore med på å fronta kor viktig dette er. No nærmar me oss 1.mai att. SV er i posisjon i Sogndal. 

I november 2019, etter framlegg frå Arbeidarpartiet, fekk me inn at kommunen skal tilby heile, faste stillingar i Arbeidsgjevarpolitisk styringsdokument. 

Berre dei siste vekene har me registrert følgjande: 

- 50% stilling som kreftsjukepleiar vart fjerna frå utlysingane

- Kommunen lyser ut 69% stilling som sjukepleiar

- Kommunen lyser ut 28% fast stilling som helsefagarbeidar

. Kommunen lyser ut 50,4% fast stilling som nattevakt i Bu- og miljøtenesta

Dette er berre nokre eksempel, me kunne haldt fram.

Varaordførar Vibeke Johnsen har sikra seg godtgjerdsle på 300.000 kroner per år, noko som kjem i tillegg til hennar ordinære direktørløn. Godtgjersla er mykje meir enn dei tre varaordførane i Leikanger, Balestrand og Sogndal hadde til saman. Arbeiderpartiet ville noko anna, men fekk ikkje fleirtal. Varaordføraren må gjerne understreke at SV har stemt mot den høge godtgjersla, men så lenge dei sit med makta saman med Senterpartiet, så vert det berre symbolpolitikk at dei røystar i mot den høge godtgjersla til ordførar og varaordførar.  

Kor mykje meir av SV sin politikk er det som har runne ut i sanden? Me berre spør.Kommunestyregruppa til Arbeidarpartiet i Sogndal

Henny-Kristin Asperanden Navarsete            Kjetil Kvåle

Ole Andre Aarvoll                    Antonella Vidal         

Stig Ove Ølmheim                    Clara Øberg