Leder

Henny-Kristin Asperanden Navarsete

Eg jobbar i Statens vegvesen med samfunnstryggleik og beredskap, er tillitsvald i NTL Veg og nestleiar på etatsnivå. Eg sit i landsstyret til NTL og i LO sitt representantskap.

Eg har vore kommunestyrerepresentant i Leikanger i to periodar frå 2011-2019 og gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Sogndal i kommunestyreperioden 2019-2023.

Henny-Kristin Asperanden Navarsete

Gjennom livet er me alle berørt av politiske vedtak. Politikk er med på å forme og leggje premissar for alt frå sjukehuset du er fødd på, helsestasjonen, barnehagen, skulen, arbeidsplassen, sjukeheimen og alt der i mellom. 

Tryggleiksnettet som omgir oss i form av velferdsstaten er utvikla og forma av kloke hovud som meinte at alle, uavhengig av størrelsen på lommeboka, skulle ha moglegheit til å leva gode liv. Velferdsstaten kan ein ikkje ta for gitt, den må kjempast for, finansierast og utviklast.

Eg håpar me i Sogndal Arbeidarparti kan vera med på å engasjere fleire folk i politisk arbeid og til å ta del i politiske diskusjonar. For politikk handlar om folk sine liv og det er den som har skoen på, som veit kvar den trykkjer.