Kommunen som arbeidsgjevar

Ein god og attraktiv arbeidsgjevar

Sogndal kommune skal vere ein god og attraktiv arbeidsgjevar. Dei tilsette er den viktigaste ressursen for å gje tenester med høg kvalitet. Våre tilsette skal få tilbod om fagleg utvikling.

En snekker står med hammeren klar. Foto: Øivind Haug

Arbeidarpartiet vil:

- At kommune skal ta godt vare på sine tilsette ved å vera ein god og føreseieleg arbeidsgjevar.

-At kommunen skal ha ein god strategi for å rekruttera og halde på nok og rett kompetanse til å utføre oppgåvene.

-Syte for nok folk i helse- og omsorgssektoren i heile, faste stillingar. Vi vil tilsetje faste vikarar og slik opprette ei eiga vikarteneste.

-Utnytte kompetansen hjå tilsette innan helse og omsorg i heile kommunen. Byggje opp fagleg kompetanse som skal vera til bruk i arbeidet med pasientar og brukarar, og rettleiing i alle delar av kommunen.

-At kommunen skal ha gode ordningar for vidareutdanning for sine tilsette.

- At Sogndal kommune skal ha minst fire lærlingar per 1000 innbyggjar. Kommunen skal tilby læreplassar innan alle relevante fagmiljø.

-Leggja til rette for praksisplassar for å gje studentar, arbeidsledige og flyktningar arbeidspraksis