Kultur, fritid og frivillig arbeid

Sterke felleskapsløysninar

Arbeidarpartiet trur på sterke fellesskapsløysingar fordi me får til langt meir saman enn kvar for oss. Det skal vera tett smarbeid mellom kommunen, frivilligsentralane og dei frivillige laga og organisasjonane.

Arbeidarpartiet vil arbeida for:

- At kommunen skal medverka til å etablera og oppretthalde formelle og uformelle møteplassar.

-At kultur- og fritidsaktivitetar skal inngå som ein del av ein handlingsplan mot sosial ulikskap.

-At kommunen skal vera ein god tilretteleggjar for drifta av de frivillige organisasjonane, mellom anna ved å ha dialog med organisasjoneane og stille eigna lokale til disposisjon.

-Etablere møteplassar for ungdom i alle bygdene våre.

-Legga til rette for at kulturbygga vert gode møteplassar for innbyggjarane

og frivillige lag og organisasjonar.

-Utvikla kulturhuset i Sogndal som "storstove" for heile kommunen.

- Etablera fleirbrukshus i Balestrand.

-Etablere kultur- og idrettsbygg ved Kaupanger skule.

-Styrke kulturdelen i Saften i Leikanger.

-Styrka og vidareutvikla "kunstbygda Balestrand".

-Sikra kulturskulen skal ha aktivitetar i alle deler av kommunen

-Sikra at ålmenta framleis har tilgang til friområdet på Nokkaneset i Leikanger

Er du enig med Sogndal Arbeidarparti om Kultur, fritid og frivillig arbeid?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker