Samfunns- og næringsutvikling

Arbeid til alle

Arbeid til alle er jobb nummer ein. Eit arbeidsliv som tilbyr eit breitt mangfald av jobbar er heilt sentralt for at den positive folketalsutviklinga skal halde fram. Privat og offentleg sektor er gjensidig avhengige av kvarandre og begge er svært viktig.

Arbeidarpartiet vil arbeida for:

- At kommunen skal vera ein aktiv vertskommune for private og offentlege verksemder, skular og anna verksemd. Kommunen må sikra at den har god kunnskap og utfordrinar og behov.

-At Sogndal kommune skal vere ein næringsvenleg kommune med god kompetanse som bidreg til nyskaping, innovasjon og vekst i arbeidslivet. Kommunen skal ha kapasitet til å ta godt imot både nye og etablerte verksemder, og medverka til å utvikle dei vidare.

-At alle investeringsprosjekt i kommunal regi skal ha eit klimarekneskap.

-Gjennom arealplanlegging og andre verkemiddel skal sikrast tilstrekkeleg næringsareal.

-At samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og dei vidaregåande skulane skal utviklast.

-Vere pådriver for å auke i talet på læreplassar i kommunen, både i privat og offentleg næringsliv.

-Styrka Sogndal som regionsenter.

Bilde i fugleperspektiv av studenter som sitter og arbeider. Foto: Øivind Haug

Er du enig med Sogndal Arbeidarparti om Samfunns- og næringsutvikling?

Takk for din tilbakemelding!

Vil du vite hva mer vi kanskje er enig om?


Eller se andre måter å engasjere seg

Takk for din interesse!

Du vil nå motta nyhetsbrev fra oss :)

Takk for tilbakemeldingen. Vi kan ikke være enige om alt!

Kanskje er det andre saker du er enig med oss i?

Se andre politiske saker