Gruppeleder

Astrid Hove

Eg er 55 år, gift og har tre vaksne barn.
Arbeidserfaringa mi har eg særleg frå skulesektoren, både som lærar og administrasjon. Arbeidar i dag som administrativ leiar ved Sogndal vidaregåande skulen.

Politisk erfaring:
Eg kom inn i lokalpolitikken i 2003, og sat i kommunestyre i Sogndal kommune fram til 2015. Fire år som formannskapsmedlem og åtte som medlem i plan og forvaltningsutvalet, der eg var leiar i fire år. Etter åtte års pause er eg nå klar for ny ein ny periode som politikar.

Astrid Hove

Eg er oppteken av å legge til rette for «det gode liv» for innbyggarane i Sogndal kommune, at alle skal kjenna seg inkluderte og  trygge i kvardagen

Arbeid til alle er jobb nummer ein for arbeidarpartiet og då må me ha varierte arbeidsplassar. Me må legge til rette for dei som vil skape nye arbeidsplassar og ikkje minst støtte opp om alle arbeidsplassane me har i dag. Privat og offentleg sektor er gjensidig avhengige av kvarandre og er begge like viktige.

Gode velferdstenester er viktig både innan helse- omsorg og oppvekst. Målet må vere at alle barn skal veksa opp i tryggleik same kven dei er, kvar dei kjem frå, og korleis familien deira er sett saman.

«Det gode liv» krev også at me har eit godt kultur og fritidstilbod . Det krev eit  tett samarbeid mellom kommunen, frivilligsentralane og dei frivillige laga og organisasjonane.

Me i  arbeidarpartiet trur på sterke fellesskapsløysingar fordi me får til langt meir saman enn kvar for oss