Representant

Arnstein Hauståker

Eg er 72 år, bur i Kaupanger, er enkemann, har to vaksne born og 5 barnebarn. No er eg pensjonist og kårkall på småbruket her. I mine yrkesaktive år arbeidde eg i Leikanger Sparebank, seinare Sparebanken Sogn og Fjordane, frå 1970 til 2017. Eg har vore medlem i Arbeiderpartiet sidan 1975, var medlem i Leikanger kommunestyre 1979 – 1983 og har hatt styreverv i lokalpartiet. I perioden 2019 – 2023 har eg vore 2. vara til kommunestyret.

Arnstein Hauståker

Eg er spesielt oppteken av at kommunen har ein sunn og forsvarleg økonomi. I det ligg ansvarlegheit i forhold til investeringar og låneopptek slik at me sikrar tilstrekkelege midlar til drift av kommunen;  førsteklasses tenestetilbod til innbyggjarane men også midlar til vedlikehald og viktige driftsoppgåver. Utover det meiner eg at kommunen må auke kulturbudsjettet framover. Då tenkjer eg først og fremst på styrking av kulturmidlar til lag og organisasjonar. Det er med å sikre at medlemspengar og brukaravgifter kan haldast på eit forsvarleg nivå.