Grete Netteland
Styremedlem
Eg er bergensar, informasjonsvitar, har mann og to barn og er "ny" pensjonist. Kom til Sogndal i 1981 og har vore aktiv i Sogndal AP siden 1984 som styremedlem,nestleiar og sekretær. Etter 42 år i Sogndal har eg altså nesten blitt sogndøl
Yrkeserfaring: Frå Sogn og Fjordane fylkeskommune der eg i 8 år hadde ansvar for edb- og organsisasjonsutvikling og frå Høgskulen på Vestlandet, dei siste 11 åra som instituttleiar. I tillegg har eg undervist i vidaregåande skule og høgskule.
Kandidat nr 11
DESSE SAKENE ER EG SPESIELT OPPTEKEN AV:
- Talet på eldre innbyggjarar i kommunen vil auke sterkt dei neste åra. Treng vi ein meir truverdig og gjennomførleg eldrepolitikk
-Kommunen opplever eit stort press på bruken av ledig areal, særleg på Sogndal og Kaupanger. Vi treng auka merksemd rundt bruken og styringa av dette arealet.
-Hyppigare bussavgangar internt i kommunen.
-Ulikskapane aukar, også i Sogndal. Det trengs ein handlingsplan mot sosial ulikskap og eit lågterskeltilbod til psykisk sjuke.